Uthald er ein grunnleggjande eigenskap hjå menneske. For å klare daglege arbeidsoppgåver og for å vere beskytta mot sjukdomar er det viktig at vi er fysisk uthaldande.
Kva aktivitetar du bør drive er opp til deg sjølv, men hugs at du bør ha det moro, aktiviteten bør stimulere store muskelgrupper og du bør vere forsiktig med høge belastningar om du ikkje er i din beste form.
Intervalltrening er ei treningsform som høyrer med i opplegget til ein kvar toppidrettsutøvar. Men det er slett ikkje kun for dei, intervallprinsippet kan brukast av alle uansett form.