Trivsel dag 10 juli
 Forside
   

E-post
Passord
 
 Trivsel:
   
 Samarbeidspartnere:
   

_Tine

fjordinfo

NIF

NMBF
Powered by Digimaker
 Velkommen
   

 
Førstehjelp ved overtråkk
Utskriftsvennlig versjon
Eit skikkeleg overtråkk kan sette deg ut av spel lenge. Rett behandling kan redusere skadeomfanget.

Med enkel og rett behandling kan ein redusere rehabiliteringsfasen betydeleg. Målsetninga med rask behandling av akutte skader er så langt som mogeleg å avgrense bløding og førebygge og lindre smerter, for på den måten gje betre vilkår for vidare behandling og tilheling av skaden.
 
Rask igangsetting
Tiltak for å avgrense bløding etter skade er tradisjonelt kalla ICE-behandling, eit engelsk akronym for nedkjøling, kompresjon og elevasjon. Det er viktig at behandlinga vert sett i verk snarast råd. Avlast ankelen fullstendig. Dekk foten med eit lag elastisk bind, legg på ispose og deretter ein stram bandasje utanpå isposen. Ikkje bruk uelastisk bind i akuttfasen! Haldt deretter foten høgt, over hjertehøgd.
 
Å kjøle ned skadestaden gjev først og fremst ei lindrande effekt, men har også ei mindre rolle for å senke blodgjennomstrøyminga i skadestaden. Snø, kaldt vatn eller ein pose med grønsaksblanding gjer same nytten som ein ispose. Kompresjon fører til at blodgjennomstrøyming minkar med opptil 95%. Dette er den viktigaste faktoren for å redusere hevelsen. Å halde foten høgt er med på å senke blodtrykket i foten og er smertelindrande.
 
Forsett med behandlinga 
Elastisk bind og kuldepakning skal ligge på til etter dusjing. Forsett med ICE som behandling heime. Ideelt bør nedkjøling gjerast i 20 minuttar kvar 4. time dei først 48 timar. (Godt nok med kaldt vatn.) Gjer i alle fall skikkeleg kompresjon med elastisk bind dei 2 første døgna! Så langt som mogleg også elevasjon, gjerne og om natta.
 
P.S Ein nyttar også denne behandlingsforma på andre liknande skadar og støytskadar.

Av: Inge Matias Tvinnereim
Foto: Tor Yttri
 
 TIPS
   
 
Fjelltur
Gå ein fjelltur for ryggens skuld.
 
 
Penne med kylling
Kylling kan lages i uendelig mange varianter. Her er en enkel pastarett med god tomatsaus.
 
 Trivsel:
   
 Kampanjer
   
Trivsel.net er eit samarbeid mellom
Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité, Norges Mosjons- og Bedriftsidrettsforbund og Sogndal Trivsel A/S


© Sogndal Trivsel A/S
Postadresse: Postboks 164, 6851 Sogndal

Prosjektleder: Yngve Hallén
Ansvarlig Redaktør: Tor Yttri

Teknisk drift og utvikling: Sogndal Trivsel A/S og fjordinfo.no